Permisjonsreglement

Paragraf

Vi viser til følgende sitat fra Forskrift til opplæringslova, § 3-47, som gir hjemmel for at fravær kan unntas fra føring:

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet. Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

  1. helse- og velferdsgrunnar
  2. arbeid som tillitsvald
  3. politisk arbeid
  4. hjelpearbeid
  5. lovpålagt oppmøte
  6. representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.